Synneva Gjelland

Ås

UKA i Ås er Noregs lengste kulturfestival, og vert arrangert annakvart år i Ås. UKErevyen, som står som ein av grunnpillarane til kulturfestivalen, er ein stolt tradisjon som har vore med heilt sidan starten i 1924. Festivalen tiltrekk seg studentar og andre frå heile landet, og revyen er eit av høgdepunkta.

UKErevyen 2020 vert leia av Revysjef Synneva Gjelland.

Fagområder

  • Revy

Aktiv i følgende fylker:

  • Akershus
  • Buskerud
  • Oslo
  • Østfold
  • Vestfold

I 2020 fyller UKA i Ås 50 år, og det gjer UKErevyen òg. Me er no i gong med planlegginga og skal difor tilsetje ein instruktør som vil vere med å regissere og forme førestillinga.

Som instruktør for UKErevyen vil du ha ansvar for mykje forskjellig. Du vil vere involvert i heile prosessen, frå tilsetjing av skodespelarar, rettleiing og motivering i skriveprosessen, samt som kreativt ansvarleg for sjølve førestillinga. Du vil jobbe tett med revysjefen, revyassistent, forfattarar og skodespelarar, og saman skal de lage ein …. Revy! Det er ynskjeleg med revyerfaring og evne til å lære vekk og engasjere, men aller viktigast er det å vere ein open og triveleg person, som er villig til å gjere det vesle ekstra for at produksjonen og gruppa skal bli best mogleg.

Det vil bli sett opp ein éinakters revy under miniUKA i april 2020, der ein får moglegheiten til å teste ut litt idear og få eit bilete av korleis det vil kunne bli, før me sett opp ein full revy under UKA i Ås i oktober 2020.

Om du har nokre spørsmål er det berre å ta kontakt på e-post [email protected] Søknad med CV sendast inn til [email protected] innan søndag 16. juni 2019. Intervjuar og ansettign vil gå føre seg i slutten av juni.

 

Beste helsing
Revysjef for UKA i Ås – Synneva Gjelland
E-post: [email protected]
Tlf: 95883906